Jomfrutur på Stedjeåsen

Etter middag i går fant eg og Thor Kristian ut at vi skulle ta oss ein tur på Stedjeåsen. Ingen av oss har vore der før, ein kan jo sei at det var på tide. Så då var det på med treningsklede, fram med drikkeflaska og på med joggeskoa. Vi las på førehånd i Opptur Sogn og Fjordane at det var ein tur som ville ta 2 og ein halv time, noko som ville vere greit sidan vi starta såpass seint på dagen. 


I begynnelsen var det ein smertefull tur for leggane mine, heldigvis gjekk det over etter ei stund. Eg merka på turen at eg ikkje har så veldig god kondis, eg pusta og pesa meg oppover, men eg føler likevel at eg klarte meg bra. Det var ein ganske grei tur, det einaste eg ikkje likte (eg hata det faktisk) var alle flogene som surra rundt oss, dei begynte angrepet omtrent med ein gang vi begynte å gå, grrr,  dustefloge som ikkje skjønna at dei er uønska.
Thor Kristian på Stedjeåsen:)


Utsikta!


Turen tok turen 2 timer, men eg satsa på at det skal gå litt fortare etter kvart. Vi har bestemt oss for at vi skal gå på Stedjeåsen minst ein gong i veka, etter kvart blir det nok litt andre turar også.


Når vi kom heim laga eg smoothie til kvelds, det vart kjempegodt!

I denne smoothien brukte eg:
-ei stor banan
-ei appelsin
-ca 150g. bringebær
-appelsinjuice
-4 ss. JA vaniljeyoghurt

4 kommentarer

Nicklas Iversen

13.jul.2010 kl.20:43

Smoothies er godt :D

Henriette

14.jul.2010 kl.08:58

Gratulere! ;) Smoothien såg veldig god ut! :)

KAYSO

14.jul.2010 kl.12:58

Så spreke dere var da!! Hørtes ut som en kjempebra tur, og hard nok :) Klarer dere den en gang i uka så er dere flinke altså :) Smoothie er så GODT det! YUM! ser forresten Lush-produkt i bakgrunnen! Heeerlige saker :)

Lurte på en ting jeg. Synes det var så søtt det hjertet du har i kommentarfeltet her. Har du en kode å dele med meg for å få det plassert der? :) Kjeeempefint :)

Karoline

14.jul.2010 kl.23:21

Yes, satser på å få det til ;) Ja, har nok blitt litt hekta på lush produkt, spesielt den du såg på bildet, veldig bra fuktighetskrem:) :)

Eg veit faktisk ikkje korleis det hjerte havna der, men bloggdesignet mitt er eit gratisdesign på denne bloggen: http://siljelien.blogg.no så det fulgte nok med designet.

Skriv en ny kommentar

Karoline

Karoline

23, Sogndal

Heiter Karoline og blogger om alt og ingenting. Eg bur i Sogndal med kjæresten min Thor Kristian og jobber på Leikanger.

Norske blogger Følg bloggen min på Bloglovin: bloglovin bloglovin Blogglisten

Kategorier

Arkiv

hits